Kjøkenhagen vaknar etter vinteren

rabarbra

Etter ein kort og rar vinter, er det no skikkeleg vårstemning i hagen. Det er godt nytt for oss som likar å komma tidleg i gang med sesongen.

Les meir

Takk for følgjet!

emil og alva i kjøkenhagen 1

Ganske nøyaktig to år etter at eg starta denne bloggen, har eg no bestemt meg for å legga hage- og matblogginga på hylla.

Det har vore to spennande, interessante og ikkje minst festlege år. I motsetnad til andre profilerte bloggarar som loggar av, har eg ikkje blitt hetsa, mobba eller på noko som helst anna måte blitt utsett for noko ubehageleg på grunn av bloggen.

Snarare tvert om.

I løpet av desse to åra har eg fått tallause kjekke tilbakemeldingar, både på internett og på gata, eg har blitt kåra til landets nest beste bygdebloggar av Nationen, Gladmatfestivalen har invitert meg til å vera med i juryen under festivalen to gonger (i år takka eg nei, for å heller bruka siste sommarferieveka med borna), eg har fått mine femten minutt i rampelyset gjennom morgonsendingane til NRK Hordaland, eg har fått spreia rabarbraentusiasme over ei heil side i VG, eg har fått mi eiga matspalte i Sunnhordland, og ikkje minst: Eg har, saman med familie og vener, laga veldig mykje god mat.

Likevel er det no på tide å logga av for denne omgang. Då eg starta bloggen var dotter mi knapt to veker gamal, og eg hadde eit hav av permisjon å ta ut. No er ho to år, og storebroren som då var to har no blitt fire. Permisjonstida er for lengst slutt.

Kanskje bles eg nytt liv i bloggen ein eller anna gong i framtida, men no er tida komen for å la mat vera mat, og å la datamaskinen i fred.

Livet kallar.

Takk for følgjet!