Dropp poteter og pasta. Med tilbehør som dette trengs ikkje noko metningsgarnityr.
Eg har tidlegare blogga om min rotteinspirerte rålekre ratatouille. Denne oppskrifta er meir lik den klassiske, og til gjengjeld litt mindre delikat. Men så skal det ikkje alltid vera så delikat heller. Smørje i gryte har sin sjarm, det òg. Sjå berre sjølv:
Med så mykje gode og mettande grønsaker er det ingen grunn til å laga verken saus eller metningsgarnityr som potet eller pasta til middagen. Kjøt og ratatouille er nok.
For å laga dette deilige tilbehøret treng du:
- 1 squash
- 1 aubergine
- 2 raudlauk
- 1 kvitlauk (heil, ikkje fedd)
- 1 paprika
- 2 boksar hermetisk tomat
- Salt og pepar
- Finhakk kvitlauken, og surr han i varm olje i ei brei gryte.
- Ha i grovhakka lauk, og la det surra litt til.
- Grovhakk resten av grønsakene, og ha dei oppi til lauken.
- La alt putra og kosa seg ein liten halvtime, og smak til med salt og pepar.
- Her finn du alle mine oppskrifter med svin, oppskrifter med squash, oppskrifter med lauk, oppskrifter med kvitlauk, oppskrifter med raudlauk, oppskrifter med tomat, oppskrifter med timian og oppskrifter med aubergine
- Her er alle blogginnlegga om squash i kjøkenhagen, lauk i kjøkenhagen, kvitlauk i kjøkenhagen, raudlauk i kjøkenhagen, tomat i kjøkenhagen og timian i kjøkenhagen


