Det spirer og gror i pallekarmane

bilde (16)

Her kjem årets første oppdatering frå pallekarmane. Sjølv om det er mykje tid som går med i drivhuset for tida, har me ikkje gløymt grønsakene og urtene som veks i den “originale” kjøkenhagen.

Les meir

Det er tid for kaffibål

Eg går no ut i eit halvt års permisjon frå jobb, og skal vera far på fulltid. Då loggar eg av både Facebook, Twitter og heile det moderne samfunnet – i alle fall dei første månadane –  og skal i staden koka kaffi på bål i skogen og fortelja skrøner.

Om du framleis er interessert i å følgja med på kva eg driv med, må du gjerne kikka innom www.anderstotland.com. Siste nytt er at eg debuterer som forfattar i haust, og på den nye nettsida/bloggen vil eg frå tid til anna fortelja litt om dette, og kanskje andre, prosjekt. Det blir bra, trur eg.

Og til alle dykk som har følgt med på bloggen her: Takk for følgjet, og ha ein fin vår og sommar! Kanskje blir det plutseleg liv her igjen, når det begynner å spira i hagen.