Silkemjuk nostalgi

For ei dryg veke sidan var endeleg tida komen til å føreta første innhausting frå hagen. Først ut var stilkane frå ein liten rabarbrakoloni som har bite seg fast i ein av dei mest tilgrodde delene av hagen.

Sidan dei som budde i huset før oss ikkje hausta rabarbraen tidlegare i sommar, har han ikkje fått høve til å koma på ny, men har i staden blitt tørr og trevlete. Rabarbra naturell (duppa i sukker, slik me gjorde i gamledagar) var difor utelukka. Her måtte kløktigare verkemiddel til! Resultatet blei ein variant av den italienske desserten panna cotta, som enkelt forklart er ein italiensk pudding der steikinga er byta ut med gelantin.

Løysinga blei å hakka stilkane opp i små bitar som eg kokte safta ut av, for deretter å laga ein slags sirup av dette. Dette blei smakstilsetjinga til ein deilig og silkemjuk panna cotta, som

For å laga min variant av panna cotta med rabarbra (seks porsjonar) treng du:

  • Rabarbrastilkar, 3 dl sukker, 7 dl kremfløyte, 1 vaniljestang og 5 plater gelantin.
  • Kutt rabarbrastilkane i små bitar, og kok safta ut av desse. Smelt 1 dl sukker og kok karamellen saman med rabarbrasafta til ein raudleg sirup. Denne skal i botnen av serveringslasa.
  • Kok forsiktig opp fløyten, vaniljestanga og resten av sukkeret. Om du ønskjer ein litt lettare dessert kan halvparten av fløyten erstattast med mjølk.
  • Legg gelantinplatene i vatn, så dei mjuknar.
  • Trekk gryta med fløyteblandinga av plata, og rør inn gelantinplatene. Hell deretter røra forsiktig over i serveringsglasa. På denne måten vil litt av sirupen som ligg i botnen trekka opp i røra og setja smak, medan resten blir liggande igjen som ein saus. Rett og slett deilig!
  • Desserten treng nokre timar i kjøleskapet for å setja seg skikkeleg.

3 thoughts on “Silkemjuk nostalgi

  1. Tilbakeping: Slik samlar du smaken av sommar på flaske | fråhagetilmage

  2. Tilbakeping: Løft rabarbragleda til nye høgder | fråhagetilmage

  3. Tilbakeping: Nyt rabarbrasesongen med desse fem deilige oppskriftene | fråhagetilmage

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s