Jaggu sa eg smør

Krise, krise! Det er tomt for smør. Og det er ikkje tull heller, sånn som den årlege førjulsribbekrisa, som i røynda ikkje er anna enn eit salstriks frå kjøtpusharane. No er det krise heilt på skikkeleg. Til og med lokalbutikken min er no tom for smør. Men kven er det som har kjøpt alt smøret?

For det er ikkje snakk om margarin eller såkalla bordsmør (du veit, sånn mjuk smørje som brelett eller soft som vanlege folk har på brødskiva). Her er det snakk om meierismør, såkalla ”skikkeleg smør” eller ”godt smør”, som dei som har opplevd krigen seier.

Skal me tru forståsegpåarane i fjernsynet, høyrer mykje av skulda heime hjå lågkarbobølgja. Der skal det visst vera smør på flesk, bokstaveleg tala. Men eg trur ikkje på det. Ikkje eingong den mest hardbarka diettryttaren kan leva på smør åleine, og det er dessutan like mykje feitt og like lite karbohydratar i matolje som i smør. Det heng rett og slett ikkje på greip.

Ei anna forklaring er at den norske mann i hus og hytte plutseleg har funne ut at det kan vera ein god ide å hamstra smør, sånn for å vera på den sikre side når det om ikkje altfor lenge blir tid for julebakst. Det kan eg tru på. Men ikkje eingong den mest intense naglebitar av ein husfar finn på noko slikt av seg sjølv. Her står det større krefter bak.

Etter å ha dagpendla med snøggbåten frå Kvinnherad til Stord i over fire år, har eg lært noko interessant, men sørgjeleg, om folk flest. Dei aller fleste av oss går i flokk. Om ein einaste person reiser seg midtfjords og stiller seg opp ved utgangsdøra, kan du ta gift på at så godt som samtlege av dei andre passasjerane følgjer etter. Difor funkar kjøtbransjen sine krisestunt, og difor er det no tomt for smør. Seier dei på TV at det kjem til å bli tomt for smør, spring folk til butikkane for å sikra seg smør for det neste halvåret. Og gjett kva som skjer då? Jo, det blir tomt for smør. Men kven står bak?

Som resultat av smørkrisa har styresmaktene no vedteke å kutta smørtollen i desember. Ingen treng altså å vera redde: Det blir smør til alle, om enn ikkje frå fjellbeitande norske kyr. Og akkurat det er den einaste grunnen til at eg ikkje mistenker Tine for å stå bak smørkrisekampanjen, slik kjøtfolket står bak den årlege ribbebløffen. For kva kan Tine tena på å opna nordmenn sine auge for utanlandsk smør?

Ikkje veit eg (men veit du det, må du gjerne skriva det i kommentarfeltet). Noko eg derimot veit, er at det eigentleg ikkje er nokon grunn til å ta sånn på veg for at butikkane er tomme for smør. Det er jo berre å laga det sjølv. For å gjera det treng du berre kremfløyte og ein kjøkenmaskin.

Sånn lagar du ditt eige smør:

  • Ha fløyte i ein bolle og visp i veg.
  • Når fløyten blir krem, vispar du vidare til massen blir kornete. Så, plutseleg, skiljer det heile seg, slik at du får ein klump med smør og ein klunk med mjølk.
  • Press så mykje væske du klarar ut av smørklumpen.
  • No er smøret klart. Ønskjer du salt smør saltar du smøret no. Eventuelt kan du ha i litt urter eller kvitlauk, om du er på den eksperimentelle sida.

To boksar kremfløyte er nok til eit kvart kilo smør, og gjer du som meg (og Geir Skeie) brukar du sjølvsagt ein Kenwood kjøkenmaskin.

2 thoughts on “Jaggu sa eg smør

  1. Margarin smaker ikke helt det samme, men det er ikke verre enn at det funker. Hjelpemeg hvor store vanskeligheter vi har her i landet.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s