Eit lite stykke villmark i hagen

Eg har lenge lurt på kva som skulle bli løysinga for den gamle blodønnrota i hagen, etter at eg konkluderte med at det var for mykje mask å fjerna ho heilt, og det heller ikkje var særleg gagn i mine mange forsøk på å brenna ho vekk.

I går fekk eg eit innfall som i alle fall førebels ser ut til å vera ei OK løysing på problemet: Me berre dekker rota med skog!

Sidan heile hagen vår er rimeleg kultivert, er det få spor av villmark og natur igjen. Det har eg no gjort noko med.

Først la eg 50 liter sur jord på og rundt rota:

Deretter køyrde eg til skogkanten og henta med meg eit bagasjerom fylt med blåbær- og tytebærlyng, i tillegg til litt mose og anna kvast:

Dette “planta” eg fint oppå den nyjorda rota, så den nye vegetasjonen dekker det meste av dei forsvidde stubbane.

Så får tida visa om dette prosjektet er liv laga, og om lyngen vil røta seg i den kunstige skogbotnen min.

Kva synes du om skogprosjektet i hagen?

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s