Med godt skal vondt fordrivast

Under ein av mine daglege inspeksjonsrundar/rusleturar i hagen, la eg nyleg merke til at det gar begynt å samla seg ein del sniglar, både ved pallekarmane og rundt bærbuskane.

Det vil me ikkje ha noko av. Så i går prøvde eg noko eg trur det var morfar som lærte meg ein gong i tida: Eg sette ut eit fat med pils, og tok rett og slett det vonde med det gode, som det står i skrifta.

Tanken er (trur eg) at sniglane skal kjenna den friske angen frå ølet, og forstå at dette må då vera mykje betre enn både bær og grønsaker. Når dei så er komne oppi fatet, drikk dei seg drita og druknar.

Og eg forstår dei godt eg, sniglane. Hadde eg vore på epleslang, til dømes, og fått tilbod om ein halvliter for å la eplene henga i fred, hadde eg nok slått til på tilbodet eg òg,

Som bildet på toppen viser, blei det fangst alt første natta.

Er dette ein god måte å bli kvitt sniglane, eller lokkar eg til meg fleire av dei med ølskåla?

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s