Sjekk opphenget til sukkerertene

I går fekk eg beisa ferdig dei siste seks pallekarmane, så no er heile annlegget klart for ny jord og nye planter. I tillegg fekk eg tid til å laga eit skikkeleg heimelaga oppheng/espalier til sukkerertene som eg har tenkt å planta så snart eg får på plass jorda i karmane.

Det laga eg av spilene på eit tørkestativ som eg reiv ned sist veke. Veldig praktisk, med ferdig hol til tau, og passeleg lange, trur eg. Tanken med dei doble taua er å planta ei rad på kvar side av opphenget.

Så beisa eg like godt dei òg, med restane frå karmbeisinga.

Sånn ser resultatet ut på avstand:

Sidan eg har sett dette opp i den bakerste karmen mot naboen, vil dette aldri skygga for dei andre karmane, og står slik til at sukkerertene vil få sol nesten frå morgon til kveld.

Har du sett på makan?

One thought on “Sjekk opphenget til sukkerertene

  1. Hei! Jeg er i ferd med å planlegge min første kjøkkenhage. Har skjønt at kasser er tingen, og sett på flere bilder og blogger. Noen kasser er lave og store, andre er som dine, ganske små og høye. Kan du være så snill og opplyse meg? Hva er forskjellen, hva er best? Går det med veldig mye jord når du har så høye kasser, eller har du noe annet i bunnen?

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s