Her skal det bli månadsjordbær

Etter eit mislukka forsøk på å forkultivera månadsjordbær rett i store urner, har eg i dag gjort eit nytt forsøk – som vonleg endar mykje betre.

Dei urnene eg sådde i sist, enda nemleg med null spiring og mugg på toppen. Jorda er no kvelva ut i pallekarmane som snart skal fyllast med jordbærplanter som eg har tenkt å kjøpa i morgon.

Men tilbake til forsøk nummer to: I ein rothaug fann eg eit sånn plantebrett med mange små rom, der eg fylte på med plantejord, og sådde eit par frø i kvart hol. Det betyr at dersom alle frøa spirer får eg om lag 100 planter.

Frøbrettet er plassert på eit brett med vatn i, sånn at jorda kan trekka til seg det det treng. Over brettet har eg lagt eit lag med industriplast som skal halda fuktfordelinga på plass (eller noko sånn).

Har du noko spennande såprosjekt på gang om dagen?

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s