Vårens vakraste blome

I dag slår eg eit slag for dei indre verdiane. I altfor stor grad har det ytre fått spela førstefiolin i vårt samfunn.

No er det på tide å løfta fram kvalitetar som ikkje nødvendigvis ligg klistra utpå, men som ein kanskje må leita litt etter, fundera ei stund og tenkja litt tilbake for å forstå den fulle og heile meininga med.

Eg slår eit slag for dei som aldri har fått stå fremst på scena og mottatt applaus, som ikkje har blitt tatt inn i stova for å pryda korkje middagsbord eller vindaugskarm, som kjem sist i rekka når gjødselen skal fordelast, som heile livet har stått i skuggen – og trivst med det.

I dag slår eg eit slag for vår alles gode – men altfor lite verdsette – ven rabarbraen!

Som ein av dei første i hagen dukkar han opp tidleg om våren, og kjem trufast igjen år etter år. Skulle det henda at du i lengre tid blir opptatt med andre ting; stiftar familie, reiser på jordomsegling eller kanskje får slag, er han like trufast. Der han står, der står han.

Kanskje fins det vakrare vårblomar, også i min hage. Her er det krokus og påskeliljer, og ymse anna eg ikkje eingong veit namnet på, som stig opp or jorda og fjongar seg i vårsola. Sjølvsagt er dei vakre. Men vakrast?

Ta deg eit lite minutt neste gong du er ute og helsar på rabarbraen, og tenk deg om. Gløym struttande kronblad og kneisande konvallar, og tenk deg skikkeleg om.

Kven var det du braut halsen or for å duppa i søte sukkerkorn i dine tidlege barndomsår, som likevel kom tilbake for å varma deg på toppen av ein sprø paibotn seinare på sommaren?

Vakker er eit ord ein kan fylla med så mangt. Velgjer me å avgrensa dette til det reint estetiske, blir det ei vesal verd å leva i.

Min vakraste vårblom er rabarbraen.

Dette er mitt bidrag til konkurransen “Din fineste vårblomst!” på nettstaden Moseplassen.

10 thoughts on “Vårens vakraste blome

  1. Ja etter dette utrolig velformulerte innlegget (nesten litt rørende spør du meg..) så kom rabarbraen helt øverst på min liste. Og vist er den vakker! Lykke til🙂

  2. Vakkert skrevet om rabarbraen🙂 Hva er vel bedre enn rabarbra dyppet i sukker? He-he, jeg tror nok jeg hadde kviet meg for det i dag, for det finnes så mye annet godt en kan lage av denne planten! Og så er det skikkelig kul når den stikker hodet sitt over jordskorpen, nesten som et lite troll!
    Lykke til!

    • Det fine med rabarbraen er jo (blant anna) at han blir så stor, og kjem igjen, sånn at me både kan duppa i sukker og bruka han til alle moglege slags gode rettar. Rett og slett ein superplante.

  3. Veldig bra og morsomt skrevet, og du har helt rett; rabarbraen er en skikkelig vårhøydare! Gleeeder meg til den aller første rabarbragrøten med sukker og masse fløte på, namnam😀
    Lykke til i konkurransen🙂

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s