Ville tilstandar i hagen

Etter å ha luka vekk det meste av skvallerkålen i villbringebærfeltet mitt i går, kunne eg – til mi store lukke – slå fast at villbringebæra har spreidd seg flittig sidan i fjor.

I heile området har det dukka opp små bringebærbuskar, eller i alle fall -spirer, som eg har tenkt å gje dei beste forutsetningar for å klara seg.

Etter å ha lese litt hageblad og -bloggar, har eg etter kvart forstått at bringebæra sin spreiingsevne er noko hagefolk flest fryktar. Det gjer ikkje eg. Eg diggar det.

I ein så kultivert hage som vår, skal me verdsetja alle spor av vill natur. Og når me først er inne på det, er det i grunn litt rart at me kallar dei villbringebær, og ikkje heller kallar dei kultiverte bringebæra for nettopp det.

(Det same gjeld forresten villaksen, som er heilt vanleg og naturleg laks – det er jo oppdrettslaksen det er noko spesielt med.)

Men i alle fall: Bringebæra ser ut til å ha det bra, og formeirar seg som katolikkar. Det kan me lika.

2 thoughts on “Ville tilstandar i hagen

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s