Her kjem det ein diger busk

For snart tre veker sidan ba eg om identifiseringshjelp til denne planta. Då var det dårleg med respons. No har skudda som stakk opp or bakken vakse seg til, og eg er rimeleg overbevist om at det er snakk om løpstikke.

Sånn eg har forstått det er dette ein urt som kan brukast til mykje, og er særleg eigna til slikt som supper og sausar, med ein smak som minnar om buljong.

Etter å ha lese litt rundt om på nettet har eg fått med meg at denne planta blir heller omfangsrik om ho får veksa. Det betyr at det kan bli trongt i pallekarmen der det også står graslauk og rabarbra.

Støttar du løpstikke-teorien, eller har du andre forslag?

5 thoughts on “Her kjem det ein diger busk

  1. Det er helt sikkert ei løpstikke. Gni på bladene og du lukter sterkt av grønnsakbuljong. Den blir stor og trenger like stor plass som rabarbraen, men den vandrer ikke rundt, bare utvider seg. Nydelig i grønnsaksuppe og potetsalat. Men med måte.

  2. Flotte Løpstikkespirer som dukker opp ! Det er ein herlig plante å ha i hagen . Det er jo sjølvsagt ein fordel at ein liker smaken og lukten .Men eg trur ikkje at eg noken gong har hatt besøk av noken som ikkje liker ein fyldig , smakfull Løpstikksuppe .
    Min plante er plassert ved eit gjerde som ein slags hekkplante . Den har stått i en( to oppå kvarandre ) pallekarm . Hovedårsåken til det er at eg trong karmene til å halde på jorda då det då det var mykje stein under der . Og eg ville utnytte plassen .

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s