No er jordbæra planta ut

Etter dagens handletur var det endeleg tid for å planta ut jordbærplantane i dei fire pallekarmane som har stått tomme og venta på jordbæra.

Dei fem sortane eg kjøpte heitte noko slikt som Frida, Polka, Korona, Sengha Sengha og Zephyra. Sånn ca.

I kvar av dei fire pallekarmane planta eg ut to av kvar sort, sånn at eg har 10 planter i kvar karm. Det ser litt glissent ut no, men eg trur det blir plenty tett når dei veks seg til.

Dei ti siste plantene planta eg ut i tre passe store urner som stod tomme.

Desse får førebels stå og venta på våren borte med pallekarmane, men skal truleg flyttast bort på skiferplattingen eller opp på terrassen når det blir litt varmare.

2 thoughts on “No er jordbæra planta ut

  1. Får ting er så godt som jordbær frå eigen hage! Pass berre på ungane, våre har lett for å stikke seg vekk i jorbærbedet når det er sesong. Og då er det plutselig tomt for raude bær…

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s