Oppfrisking av inngangspartiet

Dei siste dagane har eg gjort ein liten innsats for noko anna enn det eg plar driva med i hagen.

I samband med oppfriskinga av inngangspartiet, som er på oppsida av huset, og alså ikkje i nærleiken av hagen, har eg gjort noko eg absolutt ikkje hadde planar om då me flytta inn: Eg har planta blomar… som ikkje kan etast!

Eg får skriva det på kontoen for slikt ein gjer for å gleda dei ein bur med. Dessutan sneik eg inn ei ny matplante i same slengen. Lavendelen er den som står fremst på bildet, i ein gamal sinkbalje.

“Bordet” er ein gamal kabeltrommel som me reiv med oss då me var på fyllinga med bos sist, og stolen, som rett nok er arva, er også av typen me kunne ha funne på fyllinga.

Men det blei då ganske triveleg der ute, og veldig fint for dagens første kaffikopp i morgonsola.

One thought on “Oppfrisking av inngangspartiet

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s