Her skal aspargesen få stå

Endeleg har eg bestemt meg.

Etter mykje om og men har eg no endeleg landa i spørsmålet om kor eg skal laga aspargesbed. Sidan det tar fleire år å få haustbar avling, og det deretter kan haustast deilig asparges i 20-30 år, seier det seg sjølv at det er viktig å finna ein plass til aspargesen der han kan få stå i fred i over tid.

Det har eg funne no. Eller rettare sagt: Eg har ikkje funne det, og har difor bestemt meg for at ein av dei 12 pallekarmane skal bli aspargesåker. Det er litt mindre enn eg hadde tenkt, men det får så vera. Trass alt er det begrensa kor god plass me har i den vesle hagen vår.

I alle fall: I dag har eg spadd ut all jorda som var i karmen (den ser du ligg som ein haug på karmen attmed på bildet), lagt fleire lag med markduk over eit godt lag avispapir på botn. I morgon skal eg fylla på med lecakuler og jord, så det er klart for utplanting av asparges så snart eg får kjøpt planter.

Om eg har forstått det rett, blir det først sommaren 2014 at eg kan forsyna meg med godsakene. Men som dei seier: Den som ventar på noko godt, blir fort utålmodig.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s