No blir hagen skikkeleg kjendis

For ei vekes tid sidan møtte eg ein journalist som sa ho hadde lyst til å skriva reportasje frå hagen min. Det skal ho få lov til.

Så om halvanna veke kjem blir det hagebesøk, og då har vonleg både sukkerertene, raudlauk og sjalottlauk, ruccola, gulrot og fennikel (som står inne til spiring) blitt store og flotte nok til å ta seg ut på bilde.

Me skal òg hausta litt ingrediensar frå hagen til å laga mat av. Der er det jo litt begrensa så tidleg på sesongen, men noko skal me få til.

Sidan eg sjølv jobbar som journalist (i ei anna avis enn ho som kjem på besøk), blei eg litt overraska over kor skummelt det faktisk er å skulle bli intervjua.

Rett nok har eg blitt invervjua fleire gonger tidlegare, men då har det handla om skulefag, politikk og musikk og sånn. Denne gongen handlar det om meg, og det er litt ekkelt.

Bildet på toppen er forresten frå årets første grilling i hagen, og er eit godt døme på korleis eg tar meg ut på bilde.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s