Svoltne villsauer på besøk

Sånn såg det ut då eg tilfeldigvis gjekk ut i hagen for å kika litt i kveldinga.

Utan at eg kan hugsa å ha invitert dei, hadde samtlege av villsauene som til dagleg beitar på hi sida av gjerdet funne vegen over til hagen min.

Og sidan eg ikkje hadde invitert dei, hadde eg korkje funne fram mat eller drikke til gjestene. Dei måtte rett og slett finna seg til rette sjølv, noko dei gjorde til gagns.

Det blei ståande buffet med jordbærplanter, eple- og pæretreskot, assorterte bærbusker, hekk og gras.

Overraskande nok let dei salatspirene vera i fred, men trakka til gjengjeld ned det meste som var i dei fire lågaste pallekarmane.

Etter litt om og men fekk eg, ved hjelp av ein nabo, følgt sauene heim igjen til rette sida av gjerdet, før to andre naboar (sauebøndene) fekk sett opp straumgjerde og forsterka gjerdet der sauene hadde kome seg under.

4 thoughts on “Svoltne villsauer på besøk

    • Vanskeleg å seia før eg har fått full oversikt i dagslys. Men eg må vel sjå at slaget er tapt for dei fleste jordbærplantene, vil eg tru. Resten skal nok klara seg ganske bra.

  1. Jeg hadde krevd en sau i slaktet tilstand, pent oppstykket levert på døra mi som erstatning! Og noen påstår at sauer er ålreite dyr..?

  2. Sikkert fyrktelig ergelig å få hagen høstet av sau. Men sauer er ålreite dyr. Både trivelige som husdyr og gode på tallerknen. Tipset mitt må bli at sjekk gjerdene på våren dersom du fremdeles har sauer i nabolaget. Av egen erfaring vet jeg at de er smarte, så et gjerde må værei skikkelig stand.uten hull og ligge helt ned til bakken. Bruk sauenetting.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s