Snaps med spansk kjørvel

Etter å ha lese meg litt opp på det eg no er rimeleg sikker på at er spansk kjørvel, har eg i dag laga snaps.

Noko av det kjekkaste med eigne hageplanter er å kunne laga eige brennevin.

Eller eg lagar strengt tatt ikkje brennevin. Det er jo ikkje lov. Men eg kjøper blankt, nøytralt brennevin og krydrar med smak og farge.

I fjor resulterte det i ein deilig plommelikør, som hausta mykje lovord, særleg i jula. No er det altså på tide med litt snaps.

Spansk kjørvel har ein søt og sterk lakrissmak, og blir mellom anna brukt til å laga “Kongen av Danmark”. Når brennevinet har fått stå å trekka ut smal og farge av blada i nokre dagar, reknar eg med at det blir ein smakfull snaps.

Tar eg ikkje heilt feil, kjem det gjerne til å smaka noko i same gate som Sambucca.

Kva trur du?

4 thoughts on “Snaps med spansk kjørvel

  1. Åh, det fekk eg lyst å prøva eg og! Og Korleis laga du plommelikør? Berre gjærar du plommene? Eg har verkeleg ikkje peiling på slikt😉

    • Om du gjærar plommene (med sukker i vatn, evt berre plommesafta), får du i beste fall “plommevin”, med ein maksstyrke på 16-17 prosent. Plommelikør lagar eg av 60 % sprit som står på norgesglas saman med sukker, plommer og krydder. Når det er klart siler eg det og har likøren på flaske.

  2. Spansk kjörvel har vi aldri testet å krydre snapsen med her. Höres godt ut! Vi har derimot testet med bringebär, malört, blad fra solbärbuske og sitronmelisse bl.a. Snapsen drikkes til “midsommar” ( som er en stor fest her i Sverige) og til krepsefesten i september og selvsagt til jul. Det er moro med egen laget snaps. Av de nevnt ovenfor er bringebär min favoritt:-) Lykke til med din snaps!

  3. Hei! Har du prøvd rum topf? Laget av bær og frukt. Det fins mange oppskrifter på nettet. Laget en til jul. Etter hvert som bærene modna, la jeg dem i norgesglasset; jordbær, bringebær, blåbær og kirsebær. Helte på med 60% og sukker og vendte glasset med jevne mellomrom. Godt!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s