No har eg endeleg funne ut kva eg skal laga når eg får besøk av min gamle kollega frå lokalavisa.
I morgon får eg reportasjebesøk i hagen. Då kjem avisa Kvinnheringen. Det blir gøy. Så får eg lært litt om korleis det er å vera på den andre sida i ein intervjusituasjon i same slengen.
Kva som står på menyen tenker eg å drøya til saka står på trykk før eg skriv her. Men ein ting er sikkert: Det blir løvetann.
Advertisements
Så artig! Huskar vi åt løvetann på barneskulen, Den er fin å ha i salat. Synest løvetann er vakre. Dei plagar meg ikkje sjølv om mange har andre meiningar om akkurat det. Lykke til med intervju