Opp- og nedturar i kjøkenhagen

Image

Eg har tydelegvis framleis mykje å læra som kjøkenhagemeister. I går var det slutt for alle grønsakene som har stått inne til forkultivering. Då er det godt å ha nye prosjekt på gang.

Etter å ha fått mange fine spirer ved å forkultivera fennikel og gulrøter inne, var eg svært optimistisk då eg planta desse ut nyleg.

Det var det ingen grunn til å vera.

Etter eit knapt døgn var alle spirene visna vekk, og eg kunne snart konstatera at det korkje kjem til bugna med gulrot eller fennikel i pallekarmen i sommar.

Eller: Eg gjev ikkje opp så lett. Neste steg no blir å så nye frø, men no droppar eg forkultiveringa og sår rett ut i karmen.

Men det er ikkje alt som ser heilt mørkt ut. Noko eg har store forhåpninga til er dei tre murarbaljane eg sette jordskokk i i går.

Dette er ein fantastisk knoll som kan brukast til allslags på kjøkenet. Dessutan skal det visst koma svært så dekorative solsikkeblomar over bakken medan skokkane gror.

5 thoughts on “Opp- og nedturar i kjøkenhagen

  1. Så dumt da. Men eg har lest ein stad at gulerøtter skal ikkje flyttast og at ein skal så rett i karmen eller kva no ein plantar i. Denne våren er så ustabil, eg vert ikkje klok! Regn er ein ting, men temperaturforskjellane er det verste. Lykke til med ny såing.

    • Jepp, gulerøtter og egentlig det meste annet kan du så rett ut i karmen/beddet. Jeg driver bare purre og div kålvekster inne først.

  2. Etterpåklokskap er kanskje det siste du vil ha, men likevel. Ein bør ikkje planta ut før frostfaren er over, godt ut i mai. Ein bør venja plantene gradvis til utelivet. Det betyr å ha plantene ute om dagen og ta plantene inn om natta 2- 3 netter før ein plantar.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s