Tomatene har fått støtte

Image

Dei nye tomatplantene mine blir definitivt betre stelt med enn resten av hagen.

Ikkje berre har kvar plante fått seg ei romsleg og fin potte, fylt opp med kumøkkgjødsel og jord. No har dei attpåtil fått seg nokre pinnar å støtta seg til.

Men det stoppar ikkje der. Medan resten av hagen står der han står, og frys og sveittar etter som vêret svingar, driv eg og tar tomatene inn og ut av kjellaren alt etter kva vêr det er.

Om nokre veker håpar eg våren er stabil nok til å la plantene stå ute døgned rundt. Det som i alle fall er sikkert er at eg gler meg som ein unge til å eta små, saftige tomater rett frå busken.

2 thoughts on “Tomatene har fått støtte

  1. Eg kjøpte ei pakke frø med Kirsebærtomater. Det sto 20 planter på pakken. Sådde og det kom opp 60 planter! Så eg har delt ut planter til venner og naboer. Dei 27 plantene eg no har att står ute på altanen. Natt og dag etter at det flotte varme været kom. Det er enno litt for mange planter så eg må nok finne fleire interesserte.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s