Denne sirupen bit godt frå seg

Image

Kom mai du skjønne gåvmilde. Det er ingen grunn til å vera tannlaus om våren.

Noko av det kjekkaste med å ha eigen hage, er å gjera nytte av slikt som vanlegvis blir definert som ugras – og dermed også er heilt fråverande i butikkhyllene.

Med svært rimelege ingredienser kan ein trylla fram dei lekraste – og mest eksklusive – rettar, som gjestene dine mest truleg aldri har smakt makan til tidlegare.

Som til dømes løvetannsirup.

Trass i ugrasstempelet kan det meste på løvetannplanta brukast på kjøkenet. Blada høver fint i salat, og i ei av dei siste utgåvene av Morgonbladet les eg i eit tilbakeblikk frå krigsåra at røtene kan brukast til ein slags fattigmanns kaffierstatning.

Til denne fantastiske løvetannsirupen, som har ein litt honningaktig krydra smak av sommar, brukar eg kun det gule på blomen.

For å fylla fire-fem små glas treng du:

  • 200 gram løvetannblom
  • 8 dl vatn
  • 1/2 sitron
  • 800 gram sukker
  1. Ha løvetannblomen i ei gryte med vatnet, og la dette småkoka 15-20 minutt. Press i sitrona, og sett kaldt natta over.
  2. Sil av væska frå blomemesken. Ha sukkeret i væska, og la det småkoka i eit par timar.
  3. Finn fram sterile glas i høveleg storleik, og fordel sirupen i desse.

Sirupen kan du bruka til det meste av søtmat der du ønskjer litt krydra smak, som til dømes på vaniljeisen saman med litt rista nøtter. Eller kvifor ikkje prøva ei skei i teen?

Har du sansen for dette, vil du gjerne også lika innlegget om skvallerkål, med oppskrifter på pesto, toast og eit realt biffmåltid.

8 thoughts on “Denne sirupen bit godt frå seg

  1. Har akkurat satt laken til avkjøling, blir spennende å smake i morgen når den blir ferdig med sukker🙂

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s