Kjøtboller med pommes frites

Av og til er det greitt å berre la det vera brunt.

Me kjenner vel alle kjensla som kjem krypande etter ein lang dag med koldtbordfråtsing, når kroppen berre skrik etter noko usunt og feitt, og aller helst fritert.

Svaret blir ofte kebab, ferdigpizza eller anna såkalla søppelmat. Det er ingenting gale med det, men stundom kan det jo vera kjekt å prøva noko nytt.

Denne enkle, men gode, retten til dømes: Kjøtboller med pommes frites.

Det som tar mest tid er kjøtbollene, som eg lagar av omtrent dette:

  • 400 gram karbonadedeig
  • Ein halv lauk, finhakka
  • Ein neve finhakka graslauk
  • Ein skvett tabasco
  • Ei matskei mazenna jevner
  • Ein god skvett kaldt vatn
  • Salt og pepar etter korleis ein likar det
  1. Bland saman ingrediensane. Start med karbonadedeigen og saltet, då det gjer at resten av ingrediensane bitt seg betre til kjøtfarsen.
  2. Form farsen med to skeier til ønskjeleg storleik, og steik desse på sterk varme i litt margarin.
  3. Når kjøtbollene har fått fin farge, kan du med fordel ha dei over i eit steikebrett og steika dei ferdig i steikeomnen, på 180 grader.

Pommes friten er eit par hakk lettare. Eg er relativt fersk på heimelaga pommes frites, så eg har lite peiling på kva potetsort som høver best. Men etter eit par forsøk har eg i alle fall kome fram til at Beate funkar fint. Kor mykje poteter du treng, kjem heilt an på kor svolten på pommes frites du er.

  1. Kutt opp potetene i stavar. Både tjukke og tunne går bra, og er mest ein smakssak. La skrellet vera på.
  2. Friter potetstavane i varm olje. Har du ikkje frityr, kan du gjera som eg: Varm olje i ei stor gryte. Bruk ei tresleiv til å sjekka om olja er varm nok. Når det freser rundt tresleiva, kan du ha i potetene.
  3. Når potetene er ferdigfriterte, må dei tørkast for å få vekk mesteparten av olja. Det hindrar at dei blir blaute, og at du får umiddelbare livsstilssjukdomar. Avispapir er særs godt egna til å tørka pommes friten på.
  4. Ha pommes friten over i ein bolle, og strø på salt. Rist i bollen så det blandar seg godt.

Server det heile med ein deilig dressing, som til dømes denne.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s