Innbakt pølse i urtebrød

Det er ingen grunn til å frykta pølsebrødmangel på 17. mai. Ta saka i eigne hender, og lag deilige innbakte pølser, ein sikker vinnar på festbordet.

Eg er glad i bønder

Etter dei siste dagane med aksjonar frå bøndene i landet, tenkte eg litt på om eg skulle legga ut eit innlegg om korleis ein kan unngå problema med pølsebrødmangel her på bloggen, som ei slags markering av at aksjonistane ikkje skal få øydelegga moroa.

Men så tenkte eg litt på det. Og kom vel i grunn fram til at sjølv om eg ikkje har sansen for at bønder set kjeppar i hjula for bakarane, og kjem med halvslappe trugsmål om å tømma butikkhyllene for brød til 17. mai, er eg jo til sjuande og sist meir glad i enn sur på bøndene.

Eg likar bønder og kulturlandskap og alt det der. Men mest av alt likar eg mat. Det heng liksom saman på eit vis.

Fantastisk festrett

Dermed møtte eg meg sjølv litt i kjøleskåpsdøra då eg skulle skriva dette innlegget. For det kan ikkje vera sånn at eg i min plutselege sympati for bøndene likevel ikkje skal vidareformidla denne fantastiske festretten, dagen før nasjonaldagen.

Kompromisset eg inngjekk med meg sjølv blei å kjøpa dei dyraste pølsene eg fann på butikken (eg hadde eigentleg tenkt å kjøpa dei gode gardspølsene frå heimkommunen, men sidan eg var på jobb i går, måtte eg handla på feil side av fjorden), som nødvendigvis må gje litt klinkgande mynt i kassa for ein eller annan bonde, om ikkje anna. For så å baka desse inn i nydeleg urtebrøddeig.

Sånn blei det, og her er det som trengs om du vil gjera det same:

  • Gode, deilige og smakfulle pølser (helst lokalproduserte, men eg klarte meg fint med tre av Jacobs Utvalgte sine sortar).
  • Margarin til steiking.
  • Ein del byggmjøl og to deler kveitemjøl.
  • Lunka vatn.
  • Ein pose tørrgjær
  • Olje.
  • Ein handfull urter, som til dømes graslauk, rosmarin og oregano. Litt hakka soltørka tomater gjer seg også godt.
  1. Steik pølsene i ein god dose margarin. Dette er kanskje ikkje heilt nødvendig, men eg synes at alle gode pølser fortener å bli litt steikt, sjølv når dei til slutt skal bakast.
  2. Bland lunkent vatn med litt olje i ein bakebolle, før du har oppi det tørre til deigen.
  3. Bland inn dei finhakka urtene og evt. soltørka tomat om du likar det, og sett deigen til heving.
  4. Når deigen har hevd seg godt, deler du deigen inn i så mange emne som du har pølser. Rull kvart emne ut til lange, tynne tarmar og rull desse rundt pølsene.
  5. Legg pølsene som no er pakka inn i deig på eit steikebrett, og legg eit klede over så det får etterheva litt. Før steiking kan du evt. pensla brødet med litt eggeplomme. Då blir det så fint så.
  6. Steik på 200 grader til brødet er gyllent og fint.

Server med det du likar av tilbehør. Eg gjorde det enkelt, og fann fram ketchupen og laga ei skål med guacamole.

Her er nokre fleire bilde frå prosessen:

3 thoughts on “Innbakt pølse i urtebrød

  1. Flott at du legger ut oppskrifter synes jeg! Igår laget jeg skvallerkålpesto etter oppskriften din og det ble kjempegodt (jeg hadde i litt salt også). Idag har jeg tenkt å teste lövetannsirupen:-)

    Håper du får en flott 17.mai med gode pölser!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s