Grilla aure i Bergens Tidende

Aviser kan brukast til så mangt.

Her om dagen kom eg over nokre fine, små fjellaurar i frysedisken til den lokale kjøpmannen, som heller ikkje kosta meir enn det smakte.

Rett nok er fisken frå Peru, men når me elles gaflar i oss kjøt frå Argentina, såg eg ingen grunn til å problematisera det.

Og fisken var ikkje så verst på smak heller, når eg berre fekk pitla vekk det brente avispapiret.

Sånn laga eg denne retten, som eg har valt å kalla Grilla aure i Bergens Tidende:

  • To små fjellaurar
  • Ei utgåve av Bergens Tidende (del 1 og 2)
  • To gode smørklattar
  • To sitronskiver
  • Ein god neve urter, som til dømes graslauk, sitronmelisse og timian
  • Salt og pepar
  1. Det som gjer at Bergens Tidend høver spesielt godt til denne retten, er at avisa kvar dag kjem i minst to deler. Brett ut dei to hovuddelene av avisa og legg ein fisk midt på kvar del.
  2. Grovhakk urtene, og stapp urter, sitron og salt inn i buken på fisken.
  3. Pakk fisken godt inn i avispapiret, og bind rundt med eit tau eller hyssing.
  4. Fukt avispapiret så det blir gjennomvått.
  5. Fyr i grillen, bålet eller bålpanna.
  6. Når det er godt og varmt og mykje glør, legg du dei våte fiskepakkane rett på bålet.
  7. Ta pakkane vekk når mesteparten av avispapiret er svidd av.
  8. Pakk opp og server. Ha på salt og pepar ved servering.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s