Nesten mislukka rabarbrachutney

Dette tilbehøret er ikkje for pyser.

Det er ekstra stas å ha ein frodig kjøkenhage når det er langhelg, butikkane held stengt og ein får uventa gjester.

Når gjestene attpåtil har med seg kylling og svinefilet til kveldsen, er det spesielt digg å berre kunne stikka ut i hagen og hausta tilbehør til kjøtet.

I går tenkte eg å prøva noko nytt, og komponerte ein slags rabarbrachutney, som eg skulle servera saman med ein god neve ruccolasalat og kjøtet. Det gjekk så som så, og enda med at eg også laga eit anna tilbehør.

Det var nemleg berre min betre halvdel, og ingen av gjestene, som likte det syrlege rabarbratilbehøret.

Om du likevel vil prøva deg på denne rabarbrachutneyen, treng du om lag:

  • Eit par dl rabarbra i bitar
  • 1 eple
  • 1 raudlauk
  • Litt løpstikke
  • Eit godt dryss brunt sukker
  • Ein skvett sitroneddik
  • Litt pepar
  • Nokre dråpar tabasco (eller aller helst finhakka chili, men det hadde eg ikkje i hus)
  1. Ha alle ingrediensane i ei gryte, og kok opp.
  2. La det småkoka ein liten halvtime.
  3. Ha den varme chutneyen på reine glas, og oppbevar kaldt.

PS: Etter litt evaluering har eg kome fram til kva som truleg gjorde at dette blei eit utfordrande tilbehør, i staden for ein frisk og god chutney: Løpstikka blei for dominerande, og eg kunne nok spart ein del av eddiken.

Prøv sjølv då vel!

One thought on “Nesten mislukka rabarbrachutney

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s