Pasta med tomatsaus og ruccola

Dette er ein deilig kvardagsmiddag, med mange ingrediensar frå kjøkenhagen, som funkar like godt til kvelds.

Du treng:

  • Pasta
  • Skinke
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1/2 glas tomatpure (den frå Stavlands er best)
  • 1 lauk
  • 2 fedd kvitlauk
  • Ein god neve frisk oregano og graslauk frå kjøkenhagen
  • Salt og pepar
  • Sukker
  • Parmesa
  • Ruccola
  1. Surr finhakka lauk og kvitlauk i litt olje, til lauken blir gyllen og fin.
  2. Ha i dei hermetiske tomatene og tomatpureen. La det putra litt.
  3. Bland inn urtene, sukker, salt og pepar etter korleis du likar det.
  4. Det er litt vanskeleg å seia kor lenge du skal la sausen koka, men ein fin regel for tomatsaus er at han blir betre dess lenger han får stå og godgjera seg.
  5. Ha i små skinkebitar når det nærmar seg servering, så det rekk å bli varmt.
  6. Kok pasta.
  7. Bland sausen inn i den kokte pastaen og legg på tallerkar.
  8. Riv over eit godt dryss med parmesan, og legg på ein god neve ruccola før servering.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s