Ein slags tarte tatin med rabarbra og chili

Ein skal ikkje kødda med klassikarane. Eller forresten…

Få kaker kan måla seg med den klassiske oppned-eplekaka tarte tatin. Difor er det nesten garantert suksess å laga eigne tolkningar av denne fantastiske kaka.

Det har eg gjort i dag.

Sidan det enno er ei god stund til eplesesongen i hagen, men rabarbraen struttar, gjorde valet av hovudfrukt seg sjølv.

Dette treng du for å laga min variant av tarte tatin med rabarbra:

  • 5 gode rabarbrastilkar
  • Ein neve finhakka spansk kjørvel
  • Halvanna ts finhakka chili
  • Mykje sukker
  • Mykje smør
  • 3 egg
  • Ein del havregryn
  • Litt kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  1. Smelt ein god klatt smør og eit dryss sukker (om lag 70 gram av kvar).
  2. Grovhakk rabarbraen, og ha oppi karamellen. Når det har stått eit lite minutt, har du oppi finhakka chili og spansk kjørvel. Trekk panna av varmen.
  3. Bland 3 egg, 100 gram smør, 100 gram sukker, 80 gram havregryn, 20 gram kveitemjølk, 1 ts bakepulver og ei ts vaniljesukker.
  4. Fordel denne smørja over rabarbrakaramellen i steikepanna.
  5. Sett steikepanna i omnen, og steik på 220 grader til kaka er fin og gyllen på toppen. Det tar om lag 15-20 minutt.

Server med ein god vaniljeis.

Sånn såg kaka ut før eg kvalva henne over på kakefat (det du ser er altså botnen av kaka):

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s