Steikt torsk med urteerter

I dag fekk junior ta seg av krydringa. Det funka det.

Når kona er vekke dansar fisken på kjøkenbordet. Ho eg deler postboks med er nemleg ikkje særleg begeistra for fisk. Difor nyttar eg høvet til å laga fisk til ungane så ofte eg kan når kona av ulike grunnar ikkje kjem heim til middag.

I dag blei det steikt torsk med ertepure. Sidan junior på 3 elskar å henta urter og salat i kjøkenhagen, og dessutan insisterer på å få vera med på sjølve matlaginga, blei det rimeleg mykje urter i ertene.

Men godt blei det. Oppskrifta finn du under dette bildet av sjefskokken som legg opp middag til seg sjølv og faren (søstera på 10 månader fekk ho òg, frå faren sin tallerk, og svelde unna som om ho ikkje skulle fått mat før).

  • 2 porsjonsstykke torskefilet
  • 1 pose frosne erter
  • Ein skvett kalvekraft
  • Litt parmesan
  • Ein god neve urter (graslauk, bladpersille og kruspersille)
  • Litt ruccolasalat
  • Salt og pepar
  1. Steik fisken i smør til han får fin skorpe og begynner å flaka seg.
  2. Ha ertene i ei gryte, og varm med ein skvett kalvekraft og litt vatn.
  3. Purer ertene med ein stavmiksar. Det gjer ingenting om det er ein del heile erter igjen. Tyggemotstand er gøy.
  4. Riv litt parmesan i erteblandinga, og ha i hakka urter. Smak til med salt og pepar.
  5. Server med fisk, sjølvdyrka ruccola på toppen.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s