Sukkerertene klatrar og dinglar

For godt og vel to månader sidan var eg svært nøgd med det sjølvkomponerte sukkerertopphenget. Eg er ikkje mindre nøgd no.

Sukkerertplantene ser ut til å ha det svært bra i pallekarmen, og klatrar i ein fart oppetter opphenget eg har laga av eit gamalt tørkestativ.

Dei siste dagane har det også begynt å koma store mengder blomar på plantene, både i pallekarmen og på plantene som veks langs gjerdet. No ser eg berre fram til å kunne tygga over dei første, saftige belgane, med ei inderleg bøn om at det ikkje har flytta inn hårete åmer og anna utyskje mellom ertene.

Dei to radene med raude og grøne salatat som står i forkant av sukkerertene er nettopp det: Raude og grøne salatar.

Er dei første sukkerertene modne hjå deg enno?

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s