Storfint besøk i hagen

NRK har invitert seg sjølv på besøk, og vil senda frå hagen. Så om eg blei kjendis då lokalavisa kom på besøk, kan eg jo berre tenkja meg kva tilstandar som vil venta framover no.

Både eg og kona har alltid – med nokre få unntak – sett pris på folk som inviterer seg sjølv på besøk. Difor kunne eg ikkje seia nei då ei triveleg dame frå NRK ringte hin dagen, og ville koma til Kvinnherad for å sjå hagen bak bloggen.

Nøyaktig informasjon om kva tid dette skjer kjem eg tilbake til seinare, men det er ikkje så altfor lenge til.

Så vidt eg har forstått skal eg først og fremst på radio, der eg skal snakka om hage og mat på direkten. På direkten!

Det skulle jo i utgangspunktet gjerne vore litt skummelt. Men neida. Eg er nemleg oppvaksen i ein heim der ein av foreldrene med ujamne mellomrom var både på radio og tv, og har lært at ingenting er tryggare enn direktesending. På direkten er det ingen redigering.

No lurer eg berre på korleis lyden av grilling høyres ut på radio.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s