Smaken av sommar på flaske

Eg lagar rabarbrasaft.

Det er lite som gjev assosiasjonar til sommar – og særleg starten av sommaren – som rabarbra. Den friske gode smaken, og ikkje minst – i alle fall for dei som har levd nokre år – nostalgien.

Men rabarbrasesongen er ikkje altfor lang, og dei deilige stilkane må bearbeidast på eitt eller anna vis, om du vil kunne nyta rabarbraen gjennom heile sommaren.

Ein god måte å ta vare på rabarbraen er å laga saft. Til det treng du:

  • 4 kg rabarbra
  • 4 liter vatn
  • 5 kg sukker
  • 75 gram vineddik
  1. Vask rabarbraen, og kutt i bitar.
  2. Ha alt i ein balje.
  3. La det stå i tre døgn, men rør i baljen av og til.
  4. Sil av, og sett safta kaldt.
  5. Sidan dette er råsaft, må safta frysast om du ikkje er veldig hard på flaska og drikk opp alt i ein fei.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s