Saftige gleder

Rabarbrasafta som har stått og trekt på kjøkenbenken dei siste dagane (og som Emil var på tjuvtokt i), var i går klar til siling, og til å hellast på flasker og mjølkekartongar til nedfrysing. Og du og du så godt det blei.

Her er oppskrifta:

  • 4 kg rabarbra
  • 4 liter vatn
  • 5 kg sukker
  • 75 gram vineddik
  1. Vask rabarbraen, og kutt i bitar.
  2. Ha alt i ein balje.
  3. La det stå i tre døgn, men rør i baljen av og til.
  4. Sil av, og sett safta kaldt.
  5. Sidan dette er råsaft, må safta frysast om du ikkje er veldig hard på flaska og drikk opp alt i ein fei.

Safta bør blandast med vatn før konsumering. Blandingsforholdet er ein smakssak, men eg har landa på at 1:3 gjev ein passe frisk og søt læsk for varme sommardagar. Helst med isbitar. Nyt sommaren!

One thought on “Saftige gleder

  1. Good day I am so grateful I found your blog, I really found you
    by mistake, while I was researching oon Bing for something else,
    Regardless I am here now and would just like to say kudos
    for a fantastic post andd a all round exciting blog (I aoso love the theme/design), I
    don’t have time to read through it all at the minute
    but I hawve bookmarked it and also added in your RSS
    feeds, so when I have time I will be back to read a great deal more, Please do kewp up the excellent job.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s