Sjekk den kvitlauksavlinga!

Det første kapittelet i soga om pallekarmkjøkenhagen blei i dag avslutta.

Lenge før kjøkenhagekroken som no står og bugnar nede i høgre kroken av hagen blei til, gjorde eg i fjor haust mitt første forsøk som pallekarmgartnar.

Sidan me flytta inn i det nye gamle huset på seinsommaren, var det ikkje stort eg kunne planta og så før vinteren. Men kvitlauk, las eg i eit blad, var det akkurat rette tida å setja. Så det gjorde eg.

Heilt vanlege kvitlauksfedd frå butikken, som eg hadde hatt liggande på kjøkenbenken til dei spirte for å vera sikker på at dei ikkje var sprøyta med veksthemmande gift, fekk plass i rekke og rad i eit pallekarmbed i to høgder.

Det spirte godt, og deilig kvitlaukslauv strakk seg oppover til vinteren kom og det gjekk litt saktare. Men så snart snøen forsvann og det begynte å vårast, var det full gong i karmen igjen.

Det har det vore heilt fram til i dag, då eg tok opp all kvitlauken. Og det var ikkje lite lauk heller. No heng kvitlauken til tørk over eit gjerde i hagen, til eg skal børsta av jorda og pakka dei ned på høveleg vis.

Om ikkje noko går gale, vil me truleg ha heimedyrka kvitlauk til langt over jul. Og sjølvsagt skal nokre av fedda i jorda igjen på seinsommaren, så sikrar me neste års avling.

2 thoughts on “Sjekk den kvitlauksavlinga!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s