Marinert rabarbra med marengs og mascarponekrem

Kvifor vera sur når ein kan vera søt?

Ingenting kjenneteiknar rabarbraen meir enn den syrlege smaken. I denne retten kjem likevel syra langt i bakgrunnen. Bak eit vell av sukker og sødme. Den friske mascarponekremen gjer likevel sitt til at smakslaukane ikkje kortsluttar heilt i møte med det søte.

Bakgrunnen for heile retten er råsafta av rabarbra, som etterlet seg store mengder sukkermarinerte rabarbrabitar då ho var ferdig.

For å laga denne retten treng du:

  • Ei god skål rabarbra, delt i bitar og marinert i sukkerlake.
  • Ein pose marengs.
  • Ein boks mascarpone.
  • Litt vaniljeyoghurt.
  • Nokre sitronmelisseblad.
  1. Knus marengsen.
  2. Pisk mascarponeosten luftig, og bland inn yoghurten.
  3. Legg lagvis rabarbra, marengs og krem eit par gonger.
  4. Server med sitronmelisse på toppen.

2 thoughts on “Marinert rabarbra med marengs og mascarponekrem

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s