Smakfull blomecarbonara

Når telefonen ringer halv elleve på kvelden, og folk vil ha mat, er det greitt å ha noko kjapt å diska opp med. Pasta carbonara, til dømes.

Som bildet viser, blei denne carbonaraen hakket for tørr. Det heng truleg saman med at eg hadde litt mange eggeplommer til overs frå kona si pavlovabaking, og litt for lite kremfløyte frå same operasjon. Men smaken var god, og eg fekk brukt mange kjekke råvarer frå hagen.

Her er råvareliste og framgongsmåte:

  • Pasta
  • Eggeplommer
  • Fløyte
  • Bacon
  • Skinke
  • Raudlauklauv
  • Kvitlauk
  • Graslaukblom
  • Ruccolablom
  • Raudbeteblad (dette er ikkje så veldig vanleg å dyrka, men om du (som meg) har sådd raudbetar litt for tett, er det på tide og tynna no, og då er blada godesom mat).
  • Salt og pepar
  1. Kok pastaen sånn at det er godt med tyggemotstand.
  2. Steik baconet, og ha det oppi med pastaen saman med finhakka kvitlauk, skinke og raudlauksblad.
  3. Pisk saman eggeplommer og fløyte og bland dette inn i pastaen.
  4. Varm på låg til middels varme under røring, slik at det korkje svir seg fast eller eggeplommene koagulerer. Når eggeplommene blir varmebehandla tjuknar dei, og forholdet mellom fløyte og eggeplommer avgjer kor flytande eller tjukk/tørr sausen blir.
  5. Krydr med salt og pepar etter smak.
  6. Legg det heile på tallerk, og legg på blomane og raudbetesalatblada.

One thought on “Smakfull blomecarbonara

  1. Eg ska ringa deg halv 11 på kvelden neste gang eg blir sulten! Å eg forvente et konge måltid fra hagen😉

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s