Hageburger på fredagsvis

Det er ingen grunn til å kimsa av ein god burger.

Denne middagen er langt frå noko fast food, og høver spesielt godt på fredagen når veka går over i helg, og ein har litt ekstra tid til å lokka fram godsmakane. Med mykje grønt og smakfullt frå hagen på råvarelista, vil ingen mistenka deg for å ha funne desse burgerane i frysedisken.

For å laga mine saftige hageburgarar treng du (nok til 12 burgerar):

  • 400 gram kjøtdeig
  • 400 gram svinekjøtdeig
  • 2 egg
  • 1 finhakka gul lauk
  • Ei matskei potetmjøl
  • Eit glas vatn
  • 1 finhakka fedd kvitlauk
  • Ein neve grovhakka bladpersille og like mykje graslauk
  • Om lag ei ts finhakka chili, men dette justerer du etter eigne preferansar
  • Salt og pepar
  1. Bland kjøtet og saltet i ein kjøkenmaskin. Når du begynner med det, gjer det det lettare for resten av ingrediensane å bitta seg til farsen.
  2. Bland inn resten av ingrediensane.
  3. Steik burgerane så store du vil ha dei i ei steikepanne med litt margarin. Om du lagar dei litt tjukke kan det vera lurt å steika dei ferdig i steikeomnen, så du slepp å få svidde kantar og rå kjerne.
  4. Server med toasta foccacia, båtpoteter, det du finn av salat i hagen, gjerne nokre matblomar som kan etast (som til dømes ruccolablom), soltørka tomat og fetaost.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s