Løft rabarbragleda til nye høgder

Sankthans er etter gamalt den siste dagen rabarbraen kan haustast. Kvifor ikkje nytta høvet til å utforska nye rabarbragleder?

Både i rabarbrastilken og -bladet finst det noko som heiter oksalsyre, som ikkje er bra å få i seg i ekstreme mengder. Når stilkane står lenge nok gjer dette også rabarbraen tørr og trevlete.

Etter gamalt er Sankthans siste dagen det går greitt å hausta rabarbra, om du vil ha han etande. Kuttar du ned rabarbraen no, vil han veksa opp igjen i løpet av sommaren, og vil då vera fullt etande igjen. Nokon hevdar imidlertid at du likevel må la han få stå i fred, då planta treng å bruka kreftene på å styrka røtene fram mot neste sesong.

Mi røynsle er at rabarbraen er ein tøffing som tåler det meste.

Uansett: Dette er tida for å sanka rabarbra, om du ikkje alt har gjort det i sommar. Her er nokre forfriskande, og til dels utfordrande, oppskriftar du kan prøva deg på om du vil laga noko anna enn rabarbrapai og -suppe.

  • Råsaft av rabarbra er ein fantastisk frisk sak å henta fram på varme sommardagar, og kan med gjerne blandast litt svakare om borna skal få det som læsk mellom leikeøktene, utan å få i seg for mykje unødvendig sukker.

  • Etter årets landbruksoppgjer er bøndene i harnisk. Desse bondepikene er både sinte og sure, men likevel i nær slekt med dei søte og tradisjonelle tilslørte. Definitivt min nye favorittdessert.

  • Denne rabarbrachutneyen set definitivt sitt preg på måltidet. Men det følgjer med ei åtvaring: Her er det vaksne smakar på ferde.

God sankthansfeiring, og nyt rabarbraen til fulle. Det er no han er best!

One thought on “Løft rabarbragleda til nye høgder

  1. Lurer på om jeg skal prøve å lage saft og panna cotta i morgen helga. Min rabarbraplante er veldig liten foreløpig, men litt kos skal jeg vel få ut av den! Saft fikk jeg i gave i fjor av ei jeg ga bort stilkene mine til, for hun skulle lage det til barnedåp. Det var virkelig en høydare, så jeg har lenge tenkt på å lage det selv.😀

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s