Vel overstått NRK-besøk

I strålande solskin debuterte eg som hage- og matpratar på radio i ettermiddag.

Eg har tidlegare (både her og her) varsla at eg skulle få besøk av NRK Hordaland i dag. To gonger mellom klokka 1530 og 1600 var me direkte på lufta, med lett drøs om hage og mat, og kor fantastisk det er å kombinera dette.

Vonleg har det inspirert ein og annan hageeigar til å luka plass til ein grønsak eller bærbusk, eller kanskje endåtil å ordna seg ein real urtehage.

Her ser de Lise May Spissøy frå NRK Hordaland, sitjande ved kabeltrommelbordet på skiferplattingen, der me gjorde intervjuet.

Me kunne sjølvsagt ikkje snakka om hage og mat utan å eta litt hagemat. Så medan journalisten rigga seg til, plukka eg saman ein lett salat med bladbete, raud plukksalat, graslauk, fransk estragon og ruccolablomar, og hadde i litt fetaost og oliven. Og mekka ein liten porsjon sure bondepiker til dessert.

Eg er litt usikker på om sendinga blir lagt ut som podcast. Dersom det skjer, kjem eg i alle fall til å legga ut link her på bloggen etter kvart.

Høyrde du meg på radio?

4 thoughts on “Vel overstått NRK-besøk

  1. Takk for nydeleg servering! Eg har sol i blikket og rabarbra i magen. Herleg dag på jobb.
    Lise-May

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s