Kjøkenhagen – bilde for bilde

Etter å ha fått spørsmål om å legga ut fleire bilde av korleis kjøkenhagen min ser ut, har eg gjort akkurat det her.

I tilleggg til bærbuskane og frukttrea har eg bygt opp kjøkenhagen med pallekarmar. Eg har 12 karmar, der åtte av dei er to i høgda og fire er enkle. Eg har tre “seksjonar” med fire karmar i kvar.

På bildet på toppen ser du grønsaksseksjonen, der eg har ein karm med asparges (som står permanent), ein med sjalottlauk og raudlauk, ein med gulrot, vårlauk, bladbete og fennikel, og ein med salat og sukkererter. Dette er eigentleg for liten plass til å dyrka alle grønsakene eg vil, så eg må finna på noko lurt neste år.

Urteseksjonen er den einaste som berre har ein karm i høgda. Her har eg bladpersille, kruspersille, timian, rosmarin, fransk estragon, oregano, sitronmelisse, salvie, graslauk, ruccola, raud plukksalat, spinat, rabarbra, luftlauk, ringblom og agurkurt.

Fire pallekarmar er reservert til dei fem ulike jordbærsortane eg kjøpte inn i vår. Stort meir er det vel ikkje å seia om det, anna enn at for å gleda kona skal denne seksjonen utvidast neste år.

Som du ser står det to svarte murarbaljar bak jordbærkarmane. Der veks det raudbete i den eine og ruccola som blømer i den andre. Eg har også tre slike baljar med jordskokk ståande mellom grønsakskarmane og kaldkomposten, og to bøtter og ei søppelbøtte med til saman fire tomatplanter i.

3 thoughts on “Kjøkenhagen – bilde for bilde

  1. Kjempebra! Dette var akkurat det jeg trengte. Det er noe veldig ala din kjøkkenhage jeg har sett for meg. jeg må nok ha mer til luftløk, for det er en plante jeg har lagt min elsk på. Har du lagt noe dekke under? (og i så fall – under kun gangene, eller hele området). Det må nok tegnes og planlegges litt framover.

  2. I don’t even understand how I stopped up right here, however I believed
    this submit was good. I do not recognize who you might be but definitely you’re going
    to a well-known blogger iin case you aren’t already.
    Cheers!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s