BBQ-is – ei smaksbombe av dei sjeldne

Ikkje alle idear er like gode.

Eg lagar ein ganske god barbequesaus. Det var utgangspunktet for ein ide eg fekk i går: Kva med å rett og slett prøva å frysa ned sausen, og servera han som is?

Så vidt eg kan hugsa, har eg aldri før høyrt om ein BBQ-is.

Etter å ha testa dette sjølv, lyt eg vel vedgå at eg forstår kvifor. Det var – for å seia det forsiktig – ikkje nokon kjempesuksess.

Sjølv om smakslaukane til ein viss grad fryda seg over noko som minna litt om ein iskald gazpacho, blei dette raskt overdøva av mindre heldige issmakar.

Dei relativt store mengdene honning, tomat, kvitlauk og eddik som gjev BBQ-sausen den djupe, gode smaken når han blir servert var til grillmat, var langt mindre sjarmerande i frosen form.

Likevel har eg trua på at dette kunne ha funka godt som eit lite element i ein varmrett. Eg kjem berre ikkje på kva slags rett det skulle vore.

Det blir sagt at eit bilde seier meir enn 1000 ord. Her kan de sjå korleis min reaksjon var då eg smakte min eigen kreasjon i føremiddag:

2 thoughts on “BBQ-is – ei smaksbombe av dei sjeldne

  1. Hmmm, BBQ-is ja.. Da har eg ikkje smakt, men eg laga bacon-is for nokre veker si, da va goe greier da.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s