Det har vore ei roleg veke på bloggen, takka vera litt halsbetennelse, fint vêr og litt ymse. Det betyr ikkje at det ikkje har vore liv i kjøkenhagen.
For å oppsummera kort kva som har skjedd sidan sist, har det meste vakse seg større, eg har begynt å hausta av både raudlauk og sjalottlauk etter kvart som eg bruker det, squashplantene som blei hardt angripne av sniglar har klart seg strålande etter at eg iverksette eit flaskeprosjekt, og me har sukkererter i lange banar.
Salaten stortrivst i hagen, og blir hausta av dagleg, som til dømes då me laga taco ein av dagane. Ekstra godt med heimedyrka salat.
Me har også laga ein del god hagemat siste veka. Oppskrifter og slikt kjem snart.
Advertisements