Desse potetene løftar middagen

Til vanleg er eg ikkje nokon stor tilhengjar av poteter. Det er god metning, men bidreg sjeldan med noko særleg til matrettane. Bortsett frå når dei norske nypotetene kjem, då.

Og det er ikkje store innsatsen som skal til for å laga deilige potetbåtar, som passar perfekt til både fisk, fugl og kjøt.

Det er så enkelt som å dela kvar potet i to, tørka av flatene med papir eller ein klut, legga potetene i eldfast form, ha på litt olje, havsalt, nykverna pepar, grovhakka kvitlauk og ein god neve urter (eg tok bilde før urtene kom på, men før middagen var klar var det både rosmarin, kruspersille og salvie på potetene.

Steik potetene på 250 grader til dei er ferdige. Då blir dei gode og mjuke inni og sprø utpå. Heilt perfekt altså.

PS: Om du, som meg, har begrensa kapasitet i steikeomnen, går det fint å steika desse potetene nesten ferdig, og setja dei til sides medan til dømes kjøtet står i omnen. Når kjøtet kviler, steiker du siste finishen på potetene på full guff i omnen.

One thought on “Desse potetene løftar middagen

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s