Bursdagskake med bær frå hagen

Det er ikkje store avlinga me får frå bærbuskane som blei planta ut i år. Supplert med litt jordbær frå butikken var det likevel nok til å toppa ei pavlovakake til bursdagsfeiringa i går.

Årets heitaste mattrend (i alle fall om me skal tru matbloggarar og sånn) må vera pavlova, som kort fortalt berre er ein marengsbotn med krem og bær på.

Og ikkje nok med det. Denne kaka – saman med gulrotkake – har denne sommaren blitt kona sin favorittbakst, som ho har måtte baka til alle slags festlege samkome. Sjølvsagt blei det då også ei kake til bursdagen til den yngste hage- og kjøkenmedarbeidaren i går.

Den lagar ho sånn (etter oppskrift frå Den Store Dessertboken):

  • 4 eggekviter
  • 250 gram sukker
  • 2 ts maizenna
  • 1 ts kvitvinseddik
  • Kremfløyte, vaniljekrem og bær til topping
  1. Forvarm omnen til 160 grader, og ha bakepapir på eit steikebrett.
  2. Pisk eggekvitene sakte til dei begynner å bli stive, og auk på farten etter kvart. Ha i sukkeret mot slutten av piskinga.
  3. Vend inn sikta maizenna og vineddik, og hell røra over på steikebrettet.
  4. Form kaka sånn du vil, og steik til kaka er gyllen og fin (om lag 1 time).
  5. Kvelv den steikte kaka over på eit fat og vent til kaka blir kald.
  6. Pisk krem og vaniljekrem, og smør dette over kaka. Dryss over bær og anna godt, som til dømes kiwi, pasjonsfrukt eller agurkurt.

3 thoughts on “Bursdagskake med bær frå hagen

  1. Jeg har faktisk bakt Pavlovakae nå nettopp, så dette var litt morsomt! Min oppskrift er ikke helt lik din kones, men sikkert minst like god! Den er en sikker vinner, særlig nå om sommeren når en kan bruke bær fra hagen! Jeg må dessverre også i butikken for å kjøpe dette!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s