Første dag på Gladmaten unnagjort

Årets beste sommarjobb er i gang.

Som ein del gjerne har fått med seg, blei eg for eit par veker sidan invitert til å vera med i juryen under årets Gladmatfestival i Stavanger (eg har blogga om det her, og har blitt omtalt her, her og her).

I går var første festivaldag, og om det nokon gong skulle ha vore noko tvil gjekk det ikkje lange stunda før eg kunne slå fast at dette utan tvil er årets beste sommarjobb.

For ordens skuld: Dette er jo strengt tatt ein blogg om det som veks i hagen heime, og maten me lagar av den. Denne veka gjer eg eit unntak og bloggar om det som skjer i Stavanger – rett og slett fordi det er her eg her, og fordi eg har lyst.

Men tilbake til gårsdagen. Som juryemedlem er eg med i grupper på tre som går rundt og smakar på mat frå alle utstillarane i Stavanger, i tillegg til ein handfull restaurantar. Og det er ikkje opp til meg sjølv kva eg vil smaka på. Det einaste me får seia til dei som serverer oss er at dei skal koma med det dei ønskjer me skal vurdera. Det betyr mykje god, eksklusiv mat og drikke av alle slag.

Det har sine positive sider ved at eg får smaka på slikt som eg elles aldri ville bestilt. Baksida er mellom anna at eg ikkje får den drikka eg helst vil, noko som blei ekstra tydeleg då me fekk ein supergod sjokoladedessert på ein restaurant, utan at dei serverte kaffi til. Snakk om nedtur for ein kaffielskar av dimensjonar, på slutten av eit elles veldig bra restaurantbesøk.

Men no har eg ikkje tid til å skriva meir. Ein ny matglad dag med mange nye smaksopplevingar kallar. Men først eit par bilde frå gårsdagen:

Små, lekre rettar frå Tango, blei servert med champagne, kvitvin og raudvin (men utan kaffi til desserten). Spesielt kjekt var det å sjå at den fine restauranten serverte spansk kjørvel, som også eg har eksperimentert litt med tidlegare.

Bildet på toppen er frå slutten av måltidet på restauranten Gaffel og Karaffel. Der var det tapas det gjekk i.

Og til slutt må eg jo visa utsikta frå hotellrommet, som me slettes ikkje kan klaga på (hadde det ikkje vore for at me søv i 13. etasje, og kona ikkje tar heis):

Nokon som er pittelitt misunnelege no?

3 thoughts on “Første dag på Gladmaten unnagjort

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s