Rapport frå andre dag av Gladmaten

Det blir mykje av både vått og tørt desse dagane, men så langt held både lever, mage og humør stand.

Den andre dagen av festivalen var langt på veg lik den første for min del. Det var mat og drikke, drikke og mat og mat og drikke frå morgon til kveld.

Ein av utstillarane som utmerka seg litt, var Berentsens Brygghus. Ikkje berre fordi den kunnskapsrike jenta på bildet var kjekk å snakka med, men fordi det er den einaste staden eg til no har blitt servert øl. Og når dei først gjorde det, gjorde dei det skikkeleg, med smaking og forklaring av fem ulike sortar, der ein er flunkande ny.

Midt i det heile møtte eg også ein fotograf frå heimtraktene, som klarte å fanga eit par bilde av oss i aksjon.

Dagen blei avslutta i bistroen til den kjende kokken Svein Erik Renaa. Det var imidlertid ei oppleving som fortener eigen bloggpost som heller får koma litt seinare. No er det nemleg tid for å fortsetja det harde juryearbeidet. Men først litt bilde frå gårsdagen.

Smaken av Rogaland: Varmrøykt laks, bær med vaniljesaus og epledrikk.

Ost og vin hjå Rogalands Avis sin vinklubb.

Delizia har mykje god is. Vil du prøva noko du truleg aldri har smakt før, må du gjerne prøva safranisen.

Juryearbeid på gang.

Sidan ein av dei andre matbloggarane, Whitney som har bloggen Thanks For The Food (som legg ut mange fleire og betre bilde frå festivalen enn det eg gjer) ikkje kom med på det første juryebildet fekk ho eit bilde heilt fo seg sjølv. Nesten.

 

One thought on “Rapport frå andre dag av Gladmaten

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s