Dag tre og fire av Gladmat

Fredag hadde me ete oss gjennom all maten på festivalen, og det var dermed tid for første del av finalerunden.

Etter at første smaksrunden var ferdig, blei dei utstillarane og restaurantane som hadde fått mest poeng nominerte til finalerunden i dei ulike kategoriane; Gladsmak, Smårett, Beste stand, Beste restaurant, Nyskapar og Beste barnemeny (som barnejuryen delte ut).

Den mest nominerte av alle på Gladmat blei ein kameratgjeng som lagar sjokolade. Dei heiter Cielo, og var nominert til både Gladsmak, Smårett og Nyskapar, men vann ingen prisar.

Det gjorde derimot Coop Vestergaard, som fekk smårettprisen for sitt heimelaga knekkebrød med røyk sik (bildet på toppen). Den retten var rett og slett lekker.

Nokon som ikkje nådde heilt opp til å bli nominert, men som likevel fortener litt omtale, er Mexico. Dei serverte ein heilt nydeleg variant av spare ribs.

Dei som stakk av med prisen for beste stand smakte eg ikkje maten til, men eg var innom for å vurdera standen. Kronengruppen hadde med seg ein europameister i utskjering av frukt og grønt.

Laurdagen – siste festivaldagen – starta med gratis frukost til folket. Sånn såg det ut ved Gladmatkontoret då eg møtte opp laurdag morgon.

Fire fine ete- og drikkedagar kulminerte i ein hektisk innspurt for å få alt på plass før prisutdelingsseremonien som var sett til klokka 1520 på programmet. Klokka 1519 var siste karaktersum rekna saman, og me sette kursen mot scenen i full fart. Her ser du juryemedlem Njål med alle diploma.

Og plutseleg var juryen på scenen:

One thought on “Dag tre og fire av Gladmat

  1. Neste år bør de gje ein pris for språk og god marknadsføirng. Då vil dei som fekk nybegynnarprisne få ein pris til. Firmaet er Innigo. Dei marknadsfører morelljuicen som Prima Sekunda, laga av skadd frukt. For å visa kor haldbar juicen er, og kort dumt det er å kasta mat sm går ut på dato, er varene merka med: best før og ganske god etterpå. Hurra!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s