Det meste klaffa hjå Renaa

Det var ikkje utan grunn at det var Renaa Restauranter som stakk av med den nyoppretta prisen for Beste Restaurant under årets Gladmatfestival.

Eg var rett nok ikkje med på restaurantbesøka i finalerunden (det var så mykje som skulle gjerast, at me delte juryen opp på slutten), men eg var med då Renaa blei nominert i dei innleiiande rundane.

Og eit besøk på restauranten til den kjende trønderen er absolutt å anbefala.

I tillegg til lekre rettar for både auge og gane, var me så heldige å få sitja med utsikt rett inn i kjøkenet på bistro-delen av restauranten. Betre stemning kan det vel knapt bli for ein gjeng matentusiastar.

Det var heller ikkje noko ulempe at den sjarmerande servitøren vår kunne mykje om både mat og drikke, og at sjølvaste Renaa tok seg tid til å koma ut for å slå av ein interessant matprat.

Her er bilde av ein forrett: Soppresata med sylta paprika og aubergine, trur eg det var. Med solsikkefrø og salat.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s