Gladmat 2012 oppsummert

Her står eg saman med bloggaren Whitney Love, Svein Erik Renaa og kona, og juryemann Sigurd Erland. Foto: Liv R. Lassen (ein av dei andre matbloggarane som var med, som har bloggen Mat og Urter).

Så var det slutt. Årets beste sommarjobb som juryemedlem under Gladmatfestivalen er vel overstått, og eg har fått i meg både mat og drikke for fleire veker framover. I alle fall kjendes det sånn laurdag ettermiddag, etter fire lange, veldig kjekke, ganske utfordrande og fantastisk velsamakande dagars juryeteneste.

Først og fremst fortener Gladmat-leiinga, som inviterte meg til å vera med, ei stor takk for invitasjonen. Men vel så mykje sette eg pris på mottakinga eg fekk av den faste juryen, som er sett saman av dei fem mennene i matklubben Den Gode Smak. Takk!

Så kjære Gladmat-leiing og juryefolk: Om de ønskjer at eg skal koma tilbake for ein ny runde juryering neste år, er det berre til å gje beskjed. Eg kjem.

Det gjer eg forresten uansett. Første besøk på Gladmatfestivalen gav definitivt meirsmak, og anten eg blir invitert tilbake som juryemedlem eller ikkje kjem me nok ganske sikkert til å reisa til Stavanger siste veka i juli neste år òg (om det ikkje blir juryeteneste får eg kanskje litt tid til kona òg, noko det skorta på i år).

Lyst til å lesa meir om årets beste sommarjobb? På denne sida har eg samla alle Gladmat-relaterte innlegg på bloggen.

2 thoughts on “Gladmat 2012 oppsummert

  1. Veldig glad i bloggen din fra hage til mage. Er så mye godt man kan lage selv – helt fra bunnen av! Kanskje en østlending som også må bevege seg til Stavanger i slutten av juli til neste år? 🙂

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s