Kylling med squash, lauk og blomar

Denne retten er utelukkande laga av ingrediensar frå hagen. Nesten.

No er det mykje godt som er modent i hagen, og noko er alt kome i hus – som til dømes kvitlauk, sjalottlauk og raudlauk.

Med andre ord er dette ei super tid til å laga mat med få ingrediensar frå butikken. I denne retten er det berre kyllingen, smøret, saltet og peparen eg har kjøpt. Resten er frå hagen.

Du treng (til ein porsjon):

  • 1 kyllingfilet
  • Ein god klatt smør
  • Eit par små squash
  • Eit par små raudlauk
  • Nokre stilkar vårlauk
  • Ein ringblome, litt blom av oregano, litt bladpersille
  1. Finhakk bladpersille og oreganoblome, og bland det inn i romtemperert smør saman med litt salt og pepar. Legg smøret i frysaren medan du lagar resten av maten, så det blir lettare å dela opp ved servering (rull gjerne smøret inn i plastfolie som ei pølse, så det får fin form).
  2. Steik kyllingfileten i omnen på 180 grader til han er fin og saftig og god.
  3. Når det nærmar seg slutten på steiketida til kyllingen, varmar du litt smør i ei steikepanne og har oppi dei små squashfruktene som du gjerne kan ha delt i to om dei ikkje er pittesmå.
  4. Snart har du oppi raudlauken som er delt i fine båtar, og etter kvart også vårlauken.
  5. Kvern pepar og dryss grovt salt (gjerne Maldon) over grønsakene, og legg dei så delikat du kan på ein tallerk.
  6. Skjær opp kyllingen og legg over grønsakene.
  7. Legg bitar av urtesmøret på toppen, og legg nokre velplasserte kronblad frå ringblomen rundt omkring så det pyntar opp det heile.
  8. Kos deg.

Sånn såg det ut då eg laga denne retten i helga:

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s